Skandinavisk festival for dokumentarfoto og fotojournalistikk

Erlend Berge

Ingeborg Miriam Aagesen

 

Foto: Erlend Berge

Erlend Berge vaks opp på Heia i Strand kommune og er i dag busett i Oslo. Han jobbar som fotojournalist i avisa Vårt Land. Med fotoboka «Sjå, eg kjem snart!» i 2018 fortalde Erlend Berge historia om bedehusa og ei landsdekkande rørsle som var i ferd med å forsvinna. Prosjektet vann Open klasse i Årets bilete, antatt Haustutstillinga og utstilt over heile landet på galleri og i byrom. Ei utandørsutstilling vart i 2019 og 2020 satt opp ved mellom anna Dokfestivalen i Fredrikstad, Dokumentarfestivalen i Trondheim, Nordic Light i Kristiansund, Bergen Kirkeautunnale, Oslo domkyrkje og Stavanger domkyrkje. Separatutstilling med bilete frå boka blei utstilt i mellom anna Fotografiens hus i Oslo, Bomuldsfabriken i Arendal, Perspektivet museum i Tromsø og Haugesund billedgalleri. I samarbeid med Oslo Negativ og Dokfestivalen i Fredrikstad blir det satt opp en utandørsutstilling med Kjære alle saman! på ulike torg og fotofestivalar i Norge i 2024. 


Kjære alle saman 

Om prosjektet Korleis står det til med det frie ordet? Kva er ståa for demokratiet? Kva fortel talarstolen når festen er over og ståket har lagt seg? Desse spørsmåla utforskar fotograf Erlend Berge i prosjektet «Kjære alle saman», i samarbeid med forfattar Frode Grytten.

Kjensla av at noko er i ferd med å gå tapt sendte fotograf Erlend Berge ut på ei reise gjennom Noreg på jakt etter «det store oss» og «det vesle me». Kven var me eigentleg? Kor var me på veg? Kvar er me eigentleg no?

I sju år har Erlend Berge fotografert talarstolar og rom i den norske offentlege samtalen. Trontalen, Kongens nyttårstale, første skuledag, nedlagde rådhus, innspelingsrommet til podkasten «Sophie & Fetisha», bortgøymde talarstolar og 17-mai-pynta ungdomshus. Bileta dokumenterer dei store folkebevegelsane som forma og framleis former Noreg.

I kommentarfelta er det ein avstand mellom oss. Frå talarstolen er me samla i same rom og ser kvarandre i auga. Det er ingen menneske i bileta i prosjektet «Kjære alle saman», men det er spor av menneskelege draumar og store ord. Kjensla av at noko vedunderleg skal skje, at det må skje. At noko må seiast. At dører skal opna seg og talen skal springa ut; Kjære alle saman!

Ein serie frå Kjære alle saman! vann Dokumentar Norge i Årets bilde. Fotoboka «Kjære alle saman» med tekstar av Frode Grytten er utgitt på Verbum forlag.